Her finn du praktisk informasjon du bør lese

SØKNADSFRIST
Ordinær søknadsfrist for 2017 er 30. april.
Søknadar kan leverast løpande gjennom året, og vil da gjelde for neste semester eller så fort det er ledig elevplass.

SKOLEPENGAR
Frå 01.01.2018  kr 1500,- pr. elevplass pr. semester. Rekning på skolepengar blir send ut midt i semesteret. Dersom ein elev ikkje kan fullføre påbegynt semester, må ein likevel betale skolepengane i si heilhet. Dette gjeld også "gamle" elevar som har møtt til første undervisningstime.
For vaksne elevar etter vidaregåande skole er prisen kr 2000,- pr semester.

MODERASJONSORDNINGER
100% betaling for elev nr 1, 30% rabatt for elevplass nr 2 og 3 for same elev.
30% rabatt for søskenplass nr 2 og 50% rabatt til søsken nr 3 og 4

FRIPLASSER
Vi har ikkje eiga friplassordning, men vi samarbeider med barnevern og NAV med å finne gode løysinger for betaling av elevplasser der det er nødvendig.

LÆREMIDDEL
For dei fleste elevane vil det vere nødvendig med innkjøp av læremiddel i løpet av skoleåret. Dette blir kjøpt inn av skolen etter vurderingar av faglæraren, og rekninga for dette blir lagt til skolepengane. Materialavgift på visuelle kunstfag er pr 01.01.2018 kr 250,- pr semester.
Elevane må også ha tilgang på instrument for å øve heime.

INSTRUMENTLEIE
Kulturskolen har nokre instrument til utleie. Pris for dette er kr 200,- pr semester og rekninga for dette vil bli lagt til skolepengane.

UNDERVISNINGSSTADER
Kulturskolen sine lokale (Kulturhuset på Skei) og grunnskolar i Halsa, Rindal og Surnadal. Dansestudio og dramarom på Landbrukshuset på Skei.

OPPTAK
Melding om opptak blir seinast sendt ut rett før skolestart. Alle elevar som blir tatt opp har elevplass inntil skriftleg utmelding blir sendt til kulturskolen. For å fornye elevplassen til neste skuleår må foresette reregistrere elevplassen og oppdatere kontaktinfo. Dersom det blir ledige plassar i løpet av året vil vi ta inn elever der det er ledig.

TIMEAVTALE
Timeavtale blir gjort med den aktuelle lærar eller leiinga ved skolen i starten av skoleåret. I utgangspunktet gjeld denne timen for resten av året, men det kan bli nødvendig med justeringar i løpet av perioden.

 

Til påmeldingsskjema

 

OPPMØTE/FRÅVER
Elevane skal møte i rett tid til alle undervisningstimar. Dersom ein elev blir forhindra frå å møte til ein time, må ein gje melding på førehand til læraren eller leiinga ved skolen. Elevar kan i utgangspunktet ikkje få att forsømte timar. Det kan vera vanskeleg å nå tak i lærarane i løpet av undervisningsøkta, så det er ofte lurt å sende melding på SMS dersom du ikkje kan møte. Dersom ein elev har uvarsla fråver tre gonger kan han miste elevplassen.

HEIMEARBEID
For å få framgang må elevane pårekne heimearbeid. Dette må dei yngre elevane få hjelp og støtte til frå dei føresette. Gode øverutiner er viktig å innarbeide tidlig. Dette vil faglærar informere om.

SKOLERUTE
Kulturskolen følger grunnskolen si skolerute m.o.t. feriar og fridagar. Vi har ei prosjektveke kvart semester der den ordinære undervisninga kan falle bort. Den siste veka før sommarferien er det oftast ikkje undervisning. For enkelte fag kan undervisninga verta gjennomført intensivt i større bolkar. Da vil semesteret verte avslutta tidlegare etter avtale med faglærar.

VIKAR VED LÆRARFRÅVER
Kulturskolen vil gjere sitt ytterste for å sette inn vikar ved korttidsfråver. Vi ber om forståing for at vi i perioder ikkje kan garantere for at vi kan sette inne vikar ved alle korttidsfråver. Ved langtidsfråver vil vi sette inn vikar eller kompensere med ekstra undervisningstilbod i løpet av semesteret.

VARSLING AV AVLYSNING
Dersom vi må avlyse undervisning pga sjukdom vil det bli varsla gjennom skulane slik at elevane får bli med skuleskyssen heim. Er det god tid vil vi også prøve å varsle via telefon til heimen for dei yngste elevane.

UTMELDING
Alle utmeldingar skal skje skriftleg til leiinga ved skolen. Elevane står med elevplass heilt til dei skriftleg melder seg ut. Avmeldingsfrist for haustsemesteret er 01.juni og for vårsemesteret 15. desember. Dersom skriftleg utmelding ikkje kjem før 01. august/15.desember vil det bli fakturert for påbegynt semester.

PERMISJON
Kulturskolen kan untaksvis etter skrifteleg søknad innvilge permisjon. Dette gjeld primært ved sjukdom eller flytting. Ved anna årsak til avbryting av undervisninga blir eleven utmeldt ved slutten av semesteret. Dersom eleven ønsker å begynne igjen, må ein søke på nytt.

SKIFTE AV DISIPLIN
Dersom ein elev ønsker å skifte disiplin, må ein søke om dette. Eleven blir da i utgangspunktet behandla på lik line med andre nye søkjarar til disiplinen, og må overhalde søknadsfristen 30. april.

KONSERTAR / FRAMSYNINGAR
Eit viktig ledd i undervisninga er å gje elevane trening i å opptre for eit publikum. Kulturskolen arrangerer ei rekkje framsyningar og konsertar i løpet av skoleåret. I tillegg bidreg skolen sine elevar med kunstneriske innslag ved forskjellige høve etter som skolen blir spurt om dette. Konsertar/framsyningar blir rekna som eit undervisningsoppmøte.