Drama

Er du glad i forteljingar, å spele rollar og å skape noko saman med andre? Da kan drama-teaterfaget vera noko for deg!

Drama og teater brukast ofte om kvarandre men det er ein vesensforskjell i at teateret har publikum. Drama foregår utan publikum. Teateret er ein skodeplass, øyeblikkets kunst blir utøva der. Teater er ein smeltedigel for alle kunstarter.

«Teater er sansenes fest, insiktenes arena og utstillingsstad for følelsenes turbulens» (Damkjær, 1994).

Drama i Kulturskolen.
Drama betyr handling. Gjennom å øve opp og ta i bruk kropp og stemme  både lagar vi og gjenskapar forteljingar for kvarandre og etter kvart for eit publikum.  Når vi har eit publikum og ein skodeplass (theatron) er det kunstarten teater.

Drama-/teaterfaget er mangearta og breitt. Ved å ha ulike rollar og analysere tekst lærer vi mykje om andre og livet.  Sentralt i faget er improvisasjon og fri assosiasjon, å øve opp kreativiteten og etter kvart stole meir på eigen assosiasjon; å kjenne seg fri i det skapande feltet er eit mål. Samarbeid er ein vesentleg føresetnad  for faget og får stort fokus i undervisninga.

Elevane blir òg kjende med teknikkar innan skodespelar-  og scenekunsten i arbeidet med å lage teaterframsyningar for eit publikum. Sentrale element er tekstanalyse, rollefordjupning, fokus, stemmebruk, tempo, rytme, rom og form m.m.

Undervisning blir gitt i grupper på Landbrukshuset på Skei og på Halsa Skole
Aldersgrense er frå 1.klasse
Faglærar: Gerd Ingrid Kvendset
Vi deler gruppene inn etter alder så langt som muleg og legg vekt på ein god gruppedynamikk.
I skrivande stund har vi elevar frå 2. til 10. klasse i ulike grupper, men oppfordrar òg eldre ungdommar om å søkje.
Ungdomsskulegruppa er i år med på eit landsdekkjande prosjekt, DUS (Den unge scene), som består i å sette opp eit nyskrive stykkje  og vise det på ein teaterfestival med ungdom i Ålesund etter Jul. Spennande!